Informasjon frå grendalaget

Adventskafeen
No er det snart berre ei veke til Advendtskafeen den 30. november.
Komiteen minner om kranselaginga mandag (24/11) kl. 18 på skulen, og at loddbøker og gåver til basaren må leverast seinast mandag.
Om du har fått arbeidsoppgåve og det ikkje passar, må du varsla komiteen, byta vakt eller skaffa reserve. Meir informasjon finn du på heimesida.

Bingo
Bingokveldane er utsett til utpå nyåret på grunn av manglande formelt løyve frå Lotteritilsynet.

Aktivitetar for vaksne
Vi er godt i gang med aktivitetar for vaksne, med god deltaking både frå Lokøy og Syltøy. Mandagskveldane er det nærast fullt i gymsalen, og vi vurderer å utvida med ein dag til.Ta kontakt om du er interessert.
I vinter blir det berre inneaktivitetar, men vi har planer for uteaktivitetar til våren. Blandt anna vil vi freista å få i gang ei kajakkgruppe. Det kjem meir informasjon om dette seinare.
Vi inviterer også til trimaktivitetar for barn og unge i gymsalen, mandag frå 17 til 19 – før dei vaksne startar. Her er vi avhengig at vaksne/foreldre også stiller, bla. for å låsa opp bygget.

Postkassestativa
Fleire av stativa er utbetra i år, men det finst truleg fleire som treng vedlikehald. Grendalaget har litt materiell til overs; takpapp (shingel), skruer, fugemasse og beis/tjæralin. Ta kontakt til våren om de treng materiell.

Medlemsavgifta for 2014
Krav vart sendt ut tidlegare i haust. Nokre av innbetalingane manglar avsendar. Ta vare på kvittering, og meld frå til kasserar (Knut Olav) om du har gløymt å føra på avsendar.
Vi minner og om medlemskap for støttemedlemmer. Dette kostar kr. 200,- i året, og gir rabatt på utlån av lokaler og utstyr. I tillegg er det ei god støtte til utvikling og aktivitet i området.
Vi oppfordrar difor alle medlemmene i grendalaget til å skaffa støttemedlemmer.

Overtaking av skulen
Kommunen ved eigedomssjefen har brukt lang tid på å handsama denne saka. No er vi i gang med forhandlingar, men det vil truleg ta år før endeleg avtale om overdraging er på plass.
I påvente av endeleg overdraging, vil vi inngå ein mellombels bruksavtale. Vi håper at denne er klar frå årsskifte, og at den vil gje grendalaget full bruksrett til heile skuleområdet i avtaleperioden.
Vi kjem med meir informasjon etter kvart, også i postkassane til medlemmer vi ikkje har epost-adresse til.

Til sist ynskjer komiteen og styret alle vel møtt til advendtskafeen den 30. november kl. 16:30 på skulen.

Med Venleg helsing
Syltøy Grendalag

Posta under Aktiviteter, Dugnad, Informasjon frå styret | Kommenter innlegget

Trening på mandagar

Det er fast trening for voksne på mandagar kl. 19:00.

Gymsalen er også open frå kl. 18:00 for dei minste. Her må foreldra delta.

Det er god oppslutning på treningskveldane, og det er aktuelt å utvida til fleire vekedagar. Her treng vi tilbakemelding frå interesserte, så ta kontakt eller still opp på mandagstrimmen.

Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget

Arbeidsliste til Adventskaféen 30.11.2014

Årets Adventskafé vil være søndag 30.11.

Arbeidslisten finn du ved å klikke her.

Posta under Aktiviteter | Innspel avslått på Arbeidsliste til Adventskaféen 30.11.2014

Trening på mandag 27.10.

På mandag 27.10 kl 19:00 gjentar vi suksessen fra sist og arrangerer trening på Syltøy skule. Denne gangen kan også unge stille så vil vi se på hvordan treningen skal arrangeres for både voksne og unge fremover.

Vel møtt!

Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget

Trim, trening og aktivitetar for vaksne på Lokøyna og Syltøyna

Lokøy vel og Syltøy grendalag planlegg å starta opp med felles trimaktivitetar for vaksne (og barn/ungdom ?). Målet er å få med flest mogleg, og å nytta lokale anlegg ute og inne, og lokal natur.

Vi inviterer til avsparkmøte i gymsalen på Syltøy skule mandag 20. oktober kl. 19.

I pausane, mellom slaga på parketten, tek vi ein prat om :

  • vekedagar, frekvens og timeplan
  • gruppering :
    menn, kvinner, gamle, unge
  • mulige aktivitetar/grupper :
    ute- og innefotball, apparattrening, innebandy, vollyball, basketball, badminton, bordtennis, sykkel, jogging/turgåing, kajakk / kano, …
  • Trim for barn og unge :
    kan vi dela kvelden; først unge så eldre, med organisert transport
  • utstyr :
    felles, privat

Ta med eigna sko for innandørs bruk.

Om dette blir noko av, må det litt organisering til, og vi er avhengig av eldsjeler som vil påta seg ekstra oppgaver i gruppene.

Om du ikkje kan delta på avsparkmøtet, kan du koma med innspel til:

  • Ole Gunnar Nesse  tlf.: 977 72 868  epost: oleghn@online.no
  • Kåre Lillebø  tlf.: 957 76 982 epost: kare.lillebo@hotmail.com
Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget