Lokøy vel og Syltøy grendalag planlegg å starta opp med felles trimaktivitetar for vaksne (og barn/ungdom ?). Målet er å få med flest mogleg, og å nytta lokale anlegg ute og inne, og lokal natur.
Vi inviterer til avsparkmøte i gymsalen på Syltøy skule mandag 20. oktober kl. 19.
I pausane, mellom slaga på parketten, tek vi ein prat om :
- vekedagar, frekvens og timeplan
- gruppering :
menn, kvinner, gamle, unge - mulige aktivitetar/grupper :
ute- og innefotball, apparattrening, innebandy, vollyball, basketball, badminton, bordtennis, sykkel, jogging/turgåing, kajakk / kano, … - Trim for barn og unge :
kan vi dela kvelden; først unge så eldre, med organisert transport - utstyr :
felles, privat
Ta med eigna sko for innandørs bruk.
Om dette blir noko av, må det litt organisering til, og vi er avhengig av eldsjeler som vil påta seg ekstra oppgaver i gruppene.
Om du ikkje kan delta på avsparkmøtet, kan du koma med innspel til:
- Ole Gunnar Nesse tlf.: 977 72 868 epost: oleghn@online.no
- Kåre Lillebø tlf.: 957 76 982 epost: kare.lillebo@hotmail.com