Utleige av Grendahus

Prisar gjeldande frå 01.05.2018:

 Leigeperiode Medlemmer Ikkje-
medlemmer,
organisasjonar og
bedrifter
*Forhånds-
bestilling inntil
Fredag – Laurdag,
24 timar
 900  2100 3 månader
Laurdag – Søndag,
24 timar
 900  2100 3 månader
Helg, 48 timar  1500  2800 3 månader
Døgnpris kvardag (kjøkken/møterom ½ pris)  600  1400 2 månader
Korttidsleie
mandag til fredag inn til 3 timer
 300  600 4 veker

*Ingen tidsavgrensing for reservasjon når leiga er betalt

Andre leigealternativ må avtalast spesielt. Ta kontakt med styret, epost: syltoygrendalag@gmail.com

  • Dette inngår i leiga: Gode parkeringsmoglegheiter, forsamlingslokale, kjøkken, garderobar og uteområde, stolar og bord pluss kjøkkenutstyr med servise til ca. 80 gjestar, oppvaskmaskin og stort kjøleskap, utstyr til reingjering, toalett og garderobar, fibernett og lydanlegg.
  • Tilgang til kopimaskin/skrivar og projektor etter avtale.
  • Klokkesletta for leigeperioden kan justerast etter avtale så lenge lokala er ledige og vi unngår konflikt med andre som har reservert. I slike tilfelle er vi fleksible i forhold til leigeperioden.
  • Støttemedlemmer som har hatt medlemskap i minimum 2 år, får 30 % avslag.
  • Frist for betaling er 3 dagar før leigedato. Frist for avbestilling er minimum 1 veke før leiedato.
  • Ansvarleg leigetakar må vere fylt 20 år og vere til stades så lenge lokala er i bruk. Følg oppslag og instruksar i lokala, og pass på at rømningsvegar ikkje er blokkerte.
  • Opprydding og reingjering av lokala skal utførast av leigetakar. Manglande eller ufullstendig reingjering medfører ekstra leigepris på kr. 800.
  • Vi ber om at vedlagte sjekkliste blir brukt og signert både før og etter leigeperioden som ein ekstra sikkerheit og garanti for begge partar.
  • Røyking er berre tillatt på utsida av lokalet. Bruk tilvist område og vis omsyn.

Ønskjer du å leige, kan du kontakte oss på skjemaet under eller på epost leieavlokale@gmail.com

Sjekk kalendaren om lokala er ledige for den datoen og perioden du ønskjer. Nøkkel til lokala blir utlevert mot kvittering for betalt leige. Syltøy Grendalag er ein liten foreining som baserer sin eksistens på 100 % frivilligheit. Dette gjeld også dugnadsarbeid på alle nivå, medlemskap og ikkje minst den daglege drifta av lokala, inkludert økonomiske forpliktelsar.

Vi oppmodar derfor alle som leiger hos oss, medlemmer og ikkje-medlemmer, om å ta omsyn til dette og sørgje for at lokala blir leverte tilbake i same stand som når du kom, rapportere eventuelle skader og manglar, og sørgje for at omsynet til naboar og lokale interesser blir ivaretekne og respekterte, uansett føremål og aktivitet i samband med leigeforholdet. Parkering utanfor bygget og elles i området må ikke være til hinder for annan trafikk.

Du finn oss i Hølmavegen 26, ca. 33 km frå Bergen.

Kontaktskjema