Adventskafeen
No er det snart berre ei veke til Advendtskafeen den 30. november.
Komiteen minner om kranselaginga mandag (24/11) kl. 18 på skulen, og at loddbøker og gåver til basaren må leverast seinast mandag.
Om du har fått arbeidsoppgåve og det ikkje passar, må du varsla komiteen, byta vakt eller skaffa reserve. Meir informasjon finn du på heimesida.
Bingo
Bingokveldane er utsett til utpå nyåret på grunn av manglande formelt løyve frå Lotteritilsynet.
Aktivitetar for vaksne
Vi er godt i gang med aktivitetar for vaksne, med god deltaking både frå Lokøy og Syltøy. Mandagskveldane er det nærast fullt i gymsalen, og vi vurderer å utvida med ein dag til.Ta kontakt om du er interessert.
I vinter blir det berre inneaktivitetar, men vi har planer for uteaktivitetar til våren. Blandt anna vil vi freista å få i gang ei kajakkgruppe. Det kjem meir informasjon om dette seinare.
Vi inviterer også til trimaktivitetar for barn og unge i gymsalen, mandag frå 17 til 19 – før dei vaksne startar. Her er vi avhengig at vaksne/foreldre også stiller, bla. for å låsa opp bygget.
Postkassestativa
Fleire av stativa er utbetra i år, men det finst truleg fleire som treng vedlikehald. Grendalaget har litt materiell til overs; takpapp (shingel), skruer, fugemasse og beis/tjæralin. Ta kontakt til våren om de treng materiell.
Medlemsavgifta for 2014
Krav vart sendt ut tidlegare i haust. Nokre av innbetalingane manglar avsendar. Ta vare på kvittering, og meld frå til kasserar (Knut Olav) om du har gløymt å føra på avsendar.
Vi minner og om medlemskap for støttemedlemmer. Dette kostar kr. 200,- i året, og gir rabatt på utlån av lokaler og utstyr. I tillegg er det ei god støtte til utvikling og aktivitet i området.
Vi oppfordrar difor alle medlemmene i grendalaget til å skaffa støttemedlemmer.
Overtaking av skulen
Kommunen ved eigedomssjefen har brukt lang tid på å handsama denne saka. No er vi i gang med forhandlingar, men det vil truleg ta år før endeleg avtale om overdraging er på plass.
I påvente av endeleg overdraging, vil vi inngå ein mellombels bruksavtale. Vi håper at denne er klar frå årsskifte, og at den vil gje grendalaget full bruksrett til heile skuleområdet i avtaleperioden.
Vi kjem med meir informasjon etter kvart, også i postkassane til medlemmer vi ikkje har epost-adresse til.
Til sist ynskjer komiteen og styret alle vel møtt til advendtskafeen den 30. november kl. 16:30 på skulen.
Med Venleg helsing
Syltøy Grendalag