Informasjon frå Grendalaget, April 2015

Styret i Grendalaget 2015

Styret har hatt sitt første møte etter årsmøtet, og har fylgjande samansetning:

  • Kåre Lillebø (leiar)
  • Beate Johansen (nestleiar)
  • Ove Geir Stusdal (sekretær)
  • Knut Olav Liland (kasserar)
  • Arne Syltøy (styrerepresentant)
  • Heidi Syltøy og Jan Bratland (vararepresentantar)

Referat frå årsmøtet vil bli sendt ut med det første.

Utleige av gymsalen
Prisar og reglar for tinging og tildeling er klare og er lagt ut på heimesida vår. Her er det mogleg å tinga lokaler og utstyr elektronisk. Innkjøp av utstyr, skap og kvitevarer til kjøkenet vil bli gjort dei komande vekene.

Rydding
Årets ryddeaksjon langs vegar og strender blir onsdag 6.mai. Informasjon blir sendt ut seinare, som oppslag og på heimesida.

Medlemsavgift
Medlemsavgifta for 2015 er uendra, og innbetalingsblankettar blir sendt ut i neste månad.

Bruksavtale for skulen
Det er ikkje noko nytt så langt, men det blir eit drøftingsmøte med eigedomssjefen i neste veke, så vi har håp om at det snart blir fortgang i prosessen. Vi kjem med meir informasjon etter kvart, og endeleg forslag til avtale blir lagt fram i medlemsmøte, kanskje før sommaren

Dette innlegget vart posta under Aktiviteter, Dugnad, Informasjon frå styret. Bokmerk permalenkja.