Informasjon frå styret

Her er litt informasjon frå styret i Grendalaget, som har hatt sitt første møte etter sommaren.

  • Referat frå årsmøtet i Syltøy Grendalaget 2014 finn du ved å klikka her.
  • Overtaking av skulen er ikkje avklart enno. Vi ventar framleis på Fjell kommune, men vi vil ta ny kontakt for å få fortgang i saka.
  • Vi vil og ta ny kontakt med FjellVar og kommunen for å få avklart tilskot til vidareføring av kommunal vassleidning.
  • Vi vil starte opp med bingokveldar i haust. Meir informasjon om dette blir sendt ut seinare.
  • Vi prøva å starte opp trimkveld for vaksne, og vil invitera med våre naboar på Lokøyna. Informasjon blir sendt ut når det nærmar seg.
Dette innlegget vart posta under Aktiviteter, Informasjon frå styret. Bokmerk permalenkja.