Grendalaget får gymsalen som grendahus

Som de kanskje alt veit, vedtok kommunestyret på torsdag å selja gymsalen og ein del uteareal til grendalaget for ein symbolsk sum. Det gjenstår forhandlingar med kommunen, så alle detaljar og storleiken på utearealet er ikkje avklart. Møteprotokollen frå kommunestyret er ikke lagt ut enno, men i VestNytt kan de lesa om saka her.

lys i båten
Vi feira vedtaket med å tenna lysa på båten torsdags kveld.

Hugs også adventskafeen på sundag. Inviter gjerne med vener og familie utanfrå, og fyll opp det nye grendahuset vårt! Vi treng masse støtte, både økonomisk og dugnadsarbeid, for å kunna drifta, vedlikehalda og utvikla huset og uteområdet. Vel møtt!

Med Venleg helsing
Syltøy Grendalag

Posta under Informasjon frå styret | Kommenter innlegget

Adventskafé søndag 1. desember

Syltøy Grendalag arrangerer adventskafé på Syltøy Skule søndag 1 desember.

lys

Kl. 16.00 vert det basar med åresalg og trekning av loddbøker, salg av kaker, lefser, rundstykker, kaffi og brus.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomen.

Helsing komiteen.

Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget

Arbeidsliste til adventskafeen

Arbeidsliste til adventskafeen kan du lesa ved å klikka her

Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget

Adventskafé søndag 1. desember klokka 16 på Syltøy skule

Det meste er no klart for adventskaféen søndag 1/12. Komitéen har god kontroll, og i går (søndag 24/11) ble det jobba dugnad med laging av dørkransar. Takk til alle som deltok. På biletet er nokre av deltakarane i arbeid med kransane.

Dørkranslaging

Har du ikkje levert inn loddbøker og gevinstar, eller treng fleire loddbøker, tek du kontakt direkte med Laila, Lise Marie eller Olaug Anita. Arbeidslister vert delt ut i postkassane, og det kjem oppslag på postkassestativa. Påminning vert sendt ut på e-post i midten av veka.

Velkomen til adventskafée til alle !

Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget

Referat

Vi har nå lagt ut referat frå siste årsmøte, folkemøte og styremøte.

Posta under Årsmøte, Informasjon frå styret | Kommenter innlegget