Som de kanskje alt veit, vedtok kommunestyret på torsdag å selja gymsalen og ein del uteareal til grendalaget for ein symbolsk sum. Det gjenstår forhandlingar med kommunen, så alle detaljar og storleiken på utearealet er ikkje avklart. Møteprotokollen frå kommunestyret er ikke lagt ut enno, men i VestNytt kan de lesa om saka her.
Vi feira vedtaket med å tenna lysa på båten torsdags kveld.
Hugs også adventskafeen på sundag. Inviter gjerne med vener og familie utanfrå, og fyll opp det nye grendahuset vårt! Vi treng masse støtte, både økonomisk og dugnadsarbeid, for å kunna drifta, vedlikehalda og utvikla huset og uteområdet. Vel møtt!
Med Venleg helsing
Syltøy Grendalag