Informasjon frå grendalaget, april 2017

Referat frå årsmøtet

Referatet er lagt ut på heimesida, og du finn det her

Styresamansetning:

Styret konstituerte seg slik:

Kåre Lillebø, leder

Eldbjørg Syltøy, nestleder

Ove Geir Stusdal, kasserer

Beate Johansen, sekretær

Jan Helge Syltøy, styremedlem

 

Medlemsmøte 2. mai kl. 19:00 i grendahuset

Det blir medlemsmøte 2. mai kl. 19 i grendahuset (kjøkenet).

Vi skal ta stilling til avtaleforslaget for kjøp av grendahuset. Avtaleforslaget med økonomisk oversikt blir sendt ut på epost i forkant. På møtet vil vi og be om at medlemmene melder seg på ulike arbeidsgrupper som er klar til innsats om/når vi overtek huset. Eksempel på grupper:

  • Husgruppe som driftar huset praktisk, klargjer til utleie, har tilsyn med bygg og inventar, gjer innkjøp av forbruksartiklar, ansvar for utleige, osv.
  • Basargruppe (adventskafékomité)
  • Dugnadsgruppe som stiller opp ved større arbeidsoppgaver, eks. skifta kledning
  • Andre grupper og utvalg som kan kan arbeida med utleigereglar og prisar, kostnader og inntekter, osv.

Ryddeaksjon

Ryddeaksjonen i år blir 9. mai kl. 18. med oppmøte på snuplassen. Vi skal rydda langs kommune- og fylkesveg, i badevikja, og langs strender på Kylderen og nordover til Flatholmen så langt vi rekk. Det kjem meir informasjon i forkant av ryddeaksjonen.

Faktura

Faktura for innbetaling av medlemskontingent vil bli sendt ut med det første

 

Helsing

Styret

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.