Informasjon frå grendalaget, Juni 2015

Bruksavtale for skulen
Det er ikkje komen i stand bruksavtale med kommunen enno. Årsaka er bl.a. at kommunen skal laga tilstandsrapport for det tekniske anlegget, og ta stilling til våre krav om tilskot til ny utvendig kledning.
I tillegg vil innhaldet i ny arealplan kunna ha inverknad på vidare planar for restarealet ved skulen. Vi kjem med meir informasjon etter kvart, og endeleg forslag til avtale blir lagt fram i medlemsmøte.

Medlemsavgift
Innbetalingsblankett for medlemsavgifta 2015 er sendt ut, saman med referat frå årsmøtet. Betalingsfrist er 1. juli. Vær nøye med å fåra opp avsendar ved betaling, så blir det lettare for kasseraren å halda oversikt.

Kajakkurs
I alt 3 av 4 kajakkurs gjekk som planlagt. Det fjerde måtte utsetjast på grunn av dårleg vær. Planen er å gjennomføra det siste kurset seinare i sommar. Då kan det muligens bli ekstra plassar. Informasjon blir sendt ut i forkant.

God sommar!

Helsing
Styret

Dette innlegget vart posta under Aktiviteter, Informasjon frå styret. Bokmerk permalenkja.