Hjertestartar
Syltøy Grendalag var ein av ca. 12 lag og organisasjonar på Sotra og Øygarden som mottok hjertestartar frå Sparebanken Vest like før jul. Vi ventar no på at Sotra Røde Kors kjem rundt og gjennomfører opplæring. Vi vil seinare prøva å få gjennomført opplæring av flest mogleg av medlemmene. Også innbygjarar på Lokøy vil bli invitert. Informasjon om plassering og bruk vil bli gitt etter kvart.
Aktivitetar og trim for born, ungdom og vaksne
Det er god oppslutning både av born og vaksne på mandagane frå 18 til 22. Vi startar no opp med trim også på torsdagar frå kl. 19 til 22, for ungdom og vaksne. Kvar torsdag med unntak av 19/2, 26/3, 30/4 og 28/5 der salen er avsett til «Torsdagsaktivitet» for dei minste. Aktivitetane har fått si eiga Facebook gruppe: S.O.L.A (Syltøy Og Lokøy Aktivitet). Gruppa blir ein informasjonskanal, og er open for alle som vil delta på Lokøy Vel. og Syltøy Grendalag sine felles aktivitetar. Ta kontakt med styret om du vil bli med i Facebook-gruppa.
Klubbkveld
Klubbkveldane (ved Elisabeth) er i gang igjen, og pågår kvar tredje torsdag frå 19:30 til 22. Planlagte datoar er 5/2, 26/2, 19/3, 9/4, 30/4, 21/5 og 11/6.
Overtaking av skulen
Kommunen ved Eigedomsjefen bruker dessverre lang tid på å behandla denne saka, og vi har enno ikkje fått sluttført forhandlingar. Inntil vidare er det kommunen som har ansvar og kostnad for drift og vedlikehald på skulen og området rundt.
Årsmøtet
Årsmøtet i grendalaget er planlagt til 25. mars, og innkalling blir sendt ut seinast 14 dagar før.
Saker til møtet og innstilling frå valkomiteen må leverast styret skriftleg og seinast 7 dager før møtet. Styret vil likevel be om at dette bli levert seinast 14 dagar før møtet, slik at vi får det med i møteinnkallinga.
Med Venleg helsing
Syltøy Grendalag