Informasjon frå grendalaget, Oktober 2014

Bingo
Første bingokvelden vart ein suksess! Vel 30 personar i alle aldrar spelte bingo, og totalt vart det utbetalt ca. 3.400 kroner i premiar.

Bingo-komiteen har ikke fastsett dato for neste bingo, men det blir truleg i midten/slutten av oktober. Følg med på oppslag og på heimesida.

Medlemmer til advents-kafe-komiteen
Alle tre medlemmene i komiteen dei siste åra har sagt nei til å delta i år, og vi treng dermed fleire nye medlemmer. Vi har klare to, men treng fleire.

Vi håper at vi med dette klarer å rekrutera to personar til. Mannfolk blir oppfordra til å melda seg.

Adventskafeen er den klart viktigaste inntektskjelda til Grendalaget, og arbeidet som komiteen utfører er gull verdt.
Så har du tid og lyst, og kan gjera ein innsats for Grendalaget, så svar på denne eposten, eller kontakt Kåre L. på 957 76 982.

Dette innlegget vart posta under Aktiviteter, Informasjon frå styret. Bokmerk permalenkja.