Vedlikehald av postkassestativa

Vi minner om behovet for vedlikehald på postkassestativa, og informasjonen som er lagt i postkassar og slått opp på stativa.

Då det ikkje har kome tilbakemelding med behov for materiell, blir det ikkje gjort felles innkjøp før sommaren.

De som ynskjer å reparera stativa i sommar, må difor skaffa materiell sjølve, og senda rekning til grendalaget.

Vi foreslår å bruka fylgjande materiell:

  • Shingel på tak, limt og spikra
  • Sutak under papp, ca. 98 mm. med not og fjær
  • 10 cm. underligjande ståande kledning til vannbord oppe på tak, og 15 cm. ståande kledning langs taksidene, alt impregnert
  • Standard 2 x 2 toms til støtter, impregnert
  • Bjelke 10 x 3 cm. til sider og bakvegg, impregnert

Forslaget er basert på utvalg hos OBS Bygg på Straume. Tidlegare utsendt informasjon finn du her.

Dette innlegget vart posta under Dugnad. Bokmerk permalenkja.