Årsmøte 2016 – tirsdag 15. mars

Årsmøtet 2016 vert halde tirsdag 15. mars kl. 19:00 på Syltøy skule.

Sjå: Innkalling årsmøte 2016 med årsmelding – rekneskap – budsjett

Posta under Årsmøte, Informasjon frå styret | Kommenter innlegget

Kafé- og kulturkveld søndag 21. februar

Kafé- og kulturkveld søndag 21. februar kl. 18 på Syltøy skule

Program:

  • Utstilling av historiske gjenstandar og læremidlar
  • Visning av film og bilder frå tidlegare tider
  • Informasjon om organiserte aktivitetar i kommunen, for yngre og eldre
    seniorar (Aktiv+, Treff+, Senioruniversitetet, Fjell Turlag, mm)
  • Framføring av Jakob Sande dikt
  • Det blir servert kaffi, te, saft og noko å bita i
  • Gratis adgang

Alle er hjartelig velkomne og vi håper spesielt at yngre og eldre seniorar stiller.

Grendalaget tilbyr transport til og frå om nokon treng det (ring Heidi på 924 34 869)

Posta under Informasjon frå styret | Kommenter innlegget

Informasjon frå grendalaget, desember 2015‏‏

 

Riving av gamleskulen

Riving av gamleskulen startar 11. januar. Om nokon ynskjer ein tur innom skulen før bygget blir rive, kan de ta kontakt med styret.

Det er mogleg å ta ned takstein før riving startar. Det er store mengder skifertakstein, og det er ca. 40 kvadratmeter med gråsvart betongstein av typen Lafarge Tekkin (Zanda).

Betongsteinen er ikkje spikra og lett å ta ned. Arbeid med nedtak av takstein må organiserast i gruppe og gjerast «på eige ansvar». Ta kontakt med styret om de er interessert.

Det må gjerast ein del dugnadsarbeid før og under rivingsperioden, og vi startar mandag 28/12 på formiddagen. Meld frå eller still opp dersom de har anledning og lyst til å delta.

Tilskot frå Marine Harvest Fondet

Grendalaget er tildelt midlar frå Marine Harvest Fondet for 2015. «Julegåva» på kr. 67.000,- dekker utgifter til storkjøkenutstyret som vart kjøpt inn i haust.

 

Syltøy Grendalag ynskjer alle medlemmer ei God Jul og eit Godt Nytt År!

Posta under Informasjon frå styret | Kommenter innlegget

Adventskafé

Syltøy Grendalag har den glede av å invitere til Adventskafé og basar på Syltøy Skule søndag 29.november kl 16.30.

Tradisjon tro startar vi med tenning av julelysa på ”Julebåten” kl 16:00 i rundkjøringa.

Kl 16:30 blir det sal av kaffe og kaker på skulen, åresal og trekning av loddbøker.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomen!

Med venleg helsing komiteen

Beate Tlf 928 19 568 – Rita Tlf 970 68 288
Elisabeth Tlf 994 11 069 – Rebecca Tlf 984 06 780

PS: Arbeidsliste finn du her

Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget

Høstens aktivitetskvelder

Høstens aktivitetskvelder går på følgende datoer:

  • Torsdag 29.09
  • Torsdag 29.10
  • Torsdag 26.11
  • Torsdag 28.01.16

Se invitasjon for mer informasjon

Posta under Aktiviteter | Kommenter innlegget