Riving av gamleskulen
Riving av gamleskulen startar 11. januar. Om nokon ynskjer ein tur innom skulen før bygget blir rive, kan de ta kontakt med styret.
Det er mogleg å ta ned takstein før riving startar. Det er store mengder skifertakstein, og det er ca. 40 kvadratmeter med gråsvart betongstein av typen Lafarge Tekkin (Zanda).
Betongsteinen er ikkje spikra og lett å ta ned. Arbeid med nedtak av takstein må organiserast i gruppe og gjerast «på eige ansvar». Ta kontakt med styret om de er interessert.
Det må gjerast ein del dugnadsarbeid før og under rivingsperioden, og vi startar mandag 28/12 på formiddagen. Meld frå eller still opp dersom de har anledning og lyst til å delta.
Tilskot frå Marine Harvest Fondet
Grendalaget er tildelt midlar frå Marine Harvest Fondet for 2015. «Julegåva» på kr. 67.000,- dekker utgifter til storkjøkenutstyret som vart kjøpt inn i haust.
Syltøy Grendalag ynskjer alle medlemmer ei God Jul og eit Godt Nytt År!